Molde Fjordhotell er Årets lærebedrift 2022

Publisert

- Det å ha lærlingar bidrar til hyggelege og positive kundeopplevingar. det gjer bedrifta til ein attraktiv arbeidsplass for alle som arbeider her, seier Jan Roger Blø, kjøkkensjef på Molde Fjordhotell. No kan hotellet smykke seg med prisen Årets lærebedrift 2022 (foto: Molde Fjordhotell)

- Det å ha lærlingar bidrar til hyggelege og positive kundeopplevingar. det gjer bedrifta til ein attraktiv arbeidsplass for alle som arbeider her, seier Jan Roger Blø, kjøkkensjef på Molde Fjordhotell. No kan hotellet smykke seg med prisen Årets lærebedrift 2022 (foto: Molde Fjordhotell). Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Bedrifta arbeider svært godt med inkludering og tilrettelegging for eit godt arbeids- og læringsmiljø. Av 15 nominerte, blei Molde Fjordhotell kåra til Årets lærebedrift 2022 i Møre og Romsdal.

jøkkensjef Jan Roger Blø seier det er ei ære å bli tildelt prisen.

- Vi er stolte av å bli kåra til årets lærebedrift, og vi vil rette ein stor takk til juryen for at dei legg merke til og verdsett den innsatsen og arbeidet som vi har lagt ned over tid. Ei slik anerkjenning gir motivasjon både personleg og for Molde Fjordhotell til å stå på for fagopplæringa og ungdommen fremover, seier han.

Molde Fjordhotell, tidlegare Molde Fjordstuer, har heilt sidan starten av 2002 arbeidd aktivt med opplæring av lærlingar, både på kjøkkenet, i restauranten og i resepsjonen. Bedrifta er medlem av både opplæringskontoret for hotell, restaurant- og matfag og opplæringskontoret for salg og reiseliv og er godkjent lærebedrift i kokkfaget, resepsjonsfaget og reiselivsfaget.

Grunnen til at dei får prisen

Yrkesopplæringsnemnda grunngir valet med at bedrifta arbeider svært godt med inkludering og tilrettelegging for eit godt arbeids- og læringsmiljø. Dei har over mange år hatt høg gjennomføring og svært få hevingar blant lærlingane. I tillegg tar bedrifta samfunnsansvaret på alvor og meiner det er viktig å ha lærlingar for å bidra til kvalifisert arbeidskraft til ei kvar tid.   

Bedrifta har og vore aktive i planlegging og deltaking internasjonalt med utveksling av både lærlingar og faglege leiarar. Dei har deltatt og gjort det godt i nasjonale konkurransar og er òg med i det fylkeskommunale «prosjekt reiseliv».

- Det å ha lærlingar bidrar til hyggelege og positive kundeopplevingar. Satsinga på lærlingar gjer bedrifta til ein attraktiv arbeidsplass for alle som arbeider her, seier Blø.

For å bli Årets lærebedrift, må bedrifta:

  • vere godkjent lærebedrift i Møre og Romsdal og ha lærling eller lærekandidat.
  • ha ei positiv utvikling i talet på lærekontraktar eller stabil høg lærlingtettheit over tid. 
  • legge til rette for eit godt læring- og arbeidsmiljø. 
  • ha høg gjennomføringsgrad for lærlingar og lærekandidatar og få hevingar. 
  • kvalitetssikre læreforholdet gjennom dokumentasjon. 

Det er opplæringskontor, prøvenemnder og andre relevante aktørar som nominerer kandidatar til Årets lærebedrift. I fjor gjekk prisen til Luggen Hårstudio AS.